10.05.2021
Løft for psykiatri, rus og arbeidstrening er godt i gang
Gode, grøne arbeidstilbod for menneske med psykiske utfordringar er på dagsorden i Inn på tunet-løftet 2 i Vestland.
Pilotkommunane Bømlo og Stad arbeider for utvikling av gode arbeidstilbod knytte til landbruket. Prosjektet rettar seg mot psykiatri og rus. Dette er eit stort område, der ein finn svært mange ulike utfordringar og behov.