Inn på tunet-løftet 2

Fire utvalte pilotprosjekt har til saman fått 10 millionar kroner for perioden 2021-2022. Midlane er ein del av satsinga Inn på tunet-løftet 2.  
 
Pilotene skal kartleggje kva utfordringar kommunar, fylkeskommunar og NAV møter på når dei skal ut og kjøpe Inn på tunet-tenester. Dei skal også gjere ei vurdering av kostnader og kvalitet ved bruk av Inn på tunet-tenester, sammenlikna med tilsvarande tilbod.

Inn på tunet-gardar tilbyr bruk av garden sine unike ressursar til kjøparar av velferdstenester i kommunane. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå mer synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.
 

– Inn på tunet er eit tilbod som vi ønskjer at endå fleire skal få glede av.  Målet med Inn på tunet er å bidra positivt til helse, utvikling og trivsel for den enkelte brukar. Å sørgje for at kvaliteten på tenestene er på topp, krev at vi utviklar og betrar dei heile tida. Nettopp det skal desse fire nye pilotprosjekta bidra til, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad då tildelinga vart offentleggjort i november 2020. 

 

Les meir

Kva er Inn på tunet

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.