Korleis skape kvalitet i innkjøpsordningane
Inn på tunet-løftet løftar mange viktige problemstillingar. Kvalitetskriterier og korleis ein kan måle kvalitet er ei av dei.
Kvifor er det så viktig at kommunen kjøper tenester hos godkjente Inn på tunet-tilbydarar og korleis kan ein måla kvalitet ved tenesteinnkjøp? Dette var sentrale tema på møte i Bømlo kommune og på Inn på tunet-garden Gullvegen Gardstun 8. juni.
Godkjenningsordninga og krav til garden
Ein del kommunar samarbeider med gardar utan Inn på tunet-godkjenning. Dei kan då ikkje kalla seg Inn på tunet-gardar og garden kan ikkje dokumentera kvalitet på alle viktige område, knytt til Inn på tunet-aktivitet.
Godkjente Inn på tunet-gardar dokumenterer at dei har planar og gjennomføringsevne på ei omfattande kvalitetskravsliste. Garden skal også ha eigenrevisjon og har ekstern revisjon annakvart år.
Mange av godkjenningskrava dreiar seg om helse, miljø og tryggleik. I tillegg til krav som vert stilt til alle gardsbruk, har ein særlege krav til tryggleik når ein skal selja tenester og ha større eller mindre grupper i aktivitet på garden. Godkjenninga inneheld også gode system for personvern, noko som er særleg viktig i arbeid med sårbare grupper. Dei ulike arbeidsoppgåvene på garden krev særleg gjennomgang og dokumentasjon. Skal ein ha aktivitet på sjøen eller i skogen, og kva krevst då av kompetanse og utstyr?
Sjekkliste for personlege eigenskapar
Dei fleste Inn på tunet-bønder rettar seg mot ei, eller nokre få brukargrupper. Nokon passar særleg godt til arbeid med born og unge og andre er særleg interesserte i demensområdet. I Inn på tunet-løftet i Vestland vil vi lage ei sjekkliste for personlege eigenskapar. Desse kan kjøpar bruke ved val av samarbeidsgard innan psykiatri- og rusområdet. Personlege eigenskapar er vanskeleg å måle og passar ikkje så godt inn i anbodsdokument, men dei er avgjerande for å skapa eit godt Inn på tunet-tilbod. Sjekklista skal innehalde viktige eigenskapar i arbeid med menneske med utfordringar innan psykiatri og rus. Arbeidet startar no, og pilotkommunane i Vestland, Bømlo og Stad blir viktige bidragsytarar for å gjera lista til eit godt verktøy i arbeidet.