Gjennom pilotprosjektet «Inn på tunet-løft for pedagogiske skule og tilbod – vidaregåande skule» skal Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlegge korleis nye brukargrupper kan oppleve meistring, utvikling og trivsel på garder i fylket.
Få vidaregåande skuler brukar IPT
Sjølv om mange kommunar brukar velferdstenestene IPT tilbyr, er det få vidaregåande skular som nyttar moglegheita.
Statsforvaltaren ynskjer at nye aktørar gjennom dialog og samhandling skal få kunnskap om korleis «Inn på tunet» (IPT) kan vere ein alternativ læringsarena innanfor den vidaregåande skulen.
Skal kartlegge moglege barrierar
I kartleggingsdelen av prosjektet skal Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å finne ut kva slags utfordringar innkjøparane av tenesta møter og kva slags kriterier som vert vektlagt i val av IPT. Det skal gjennomførast ei vurdering av kostnadene og kvaliteten ved bruk av IPT-tenester samanlikna med tilsvarande tilbod.
– Kartleggingsarbeidet skal mellom anna gjerast som intervju med aktørane, men i hovudsak vil det skje gjennom tre workshops. I tillegg vert det gjennomført fagdagar, eventuelt webinar, for kompetanseheving både hos kjøparar og tilbydarar av IPT-tenester.
Pilotprosjektet er tverrfagleg, og vert gjennomført i nært samarbeid med Helse- og sosialavdelinga og Oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal Fylkeskommune, Regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune og tilbydarnettverket Inn på tunet Møre og Romsdal er også samarbeidspartnerar.
Meiningsfylt og utviklande
Godkjente IPT-garder tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Forskingsrapportar og erfaringar viser positive effektar av denne typen tiltak: Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og meistring av konkrete oppgåver på garden. Alt dette er med på å forbetre kvardagen til dei som får tilbod frå «Inn på tunet-gardsbruk».