Inn på tunet - fagdag 19. oktober
Som del av prosjektet arrangerer vi ein fagdag for IPT-tilbydarane i Møre og Romsdal 19. oktober i Molde.
Tid: 19. oktober kl. 09.30-16.00
Stad: Scandic Alexandra, Molde
Frå programmet:
- Barnevernreformen/oppvekstreformen - kan IPT ha ei rolle her? v/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Mogelegheitene for bruk av IPT som alternativ opplæringsarena – presentasjon av kartlegging i Møre og Romsdal v/Oxford Research
- Korleis forstå det offentlege som innkjøpar? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Kva skal til for å verte godkjent som lærebedrift? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Korleis gjere det lett for kjøpar av IPT-tenester? Slik gjer vi det! v/Line Stølan, Stall Stølan på Tingvoll og Veronica Reinås, Eikra gard på Stjørdal
- Kva må til for auka bruk av IPT i vidaregåande opplæring? v/Henrik Stensønes, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet og rådgjevar Kristiansund vg skule
- Kva kan IPT-næringa gjere for å verte attraktive i vidaregåande opplæring? Gruppearbeid
Økonomi: Gratis. Andre interesserte er også velkomne til å delta gratis.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 11. oktober 2022.
Les meir og meld deg på her: Inn på tunet - fagdag