Kva må til for auka bruk av Inn på tunet i vidaregåande opplæring?

Kunnskap om Inn på tunet-tilbodet, økonomi, fagleg kvalitet og nærleik til garden er viktige moment for at Inn på tunet skal vere aktuelt i vidaregåande opplæring. 

Utfordringar ved innkjøp av Inn på tunet-tenester og kriterie ved val av Inn på tunet-leverandør vert presentert i Statsforvaltaren sin sluttrapport for prosjektet i Inn på tunet løftet.

Kjennskap til Inn på tunet

Oxford Research si kartlegging viser at Inn på tunet som alternativ opplæringsarena er lite kjent hos dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Det er manglande kjennskap til tilbodet generelt, men også korleis tilbodet fungerer i praksis, pedagogisk og som fagleg del av den vidaregåande opplæringa.

Basert på erfaringar frå prosjektet, bør Inn på tunet eksplisitt framhevast som tiltak og verkemiddel i sentrale planar og strategiar på skule- og oppvekstområdet. Inn på tunet bør peikast på både som alternativ opplæringsarena og som aktuelt tiltak for ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.

Kompetanse om Inn på tunet bør også formidlast i utdanningsløpet til fagpersonar i skulen.

Økonomi

Kartlegginga til Oxford Research viser at økonomi er den største hindringa for bruk av Inn på tunet som alternativ opplæringsarena. Ei mogeleg løysing kan vere ei eiga finansieringsordning eller søkbare midlar for bruk av alternative opplæringsarenaer. Alternativt må skulen vurdere eigen ressursbruks. Til dømes har Tingvoll vidaregåande skule valt å redusere ansattressursar for å frigjere midlar til kjøp av Inn på tunet-tenester.

Oppfølgingstenesta har normalt sett ikkje tilgjengeleg midlar for til dømes kjøp av Inn på tunet-tenester. Det har kome tydelege signal på at Oppfølgingstenesta burde ha det, til ungdomar som har bruk for alternativ til formell opplæring eller arbeidspraksis.

Innkjøpskompetanse

Kartlegginga til Oxford Research syner at innkjøpsrutiner er ei barriere for kjøp av Inn på tunet-tenester, truleg knytt til både ressurskrevande prosessar og kjennskap til rammer, lovverk, avtalar, fagleg kvalitet og innhald, m.m. Dersom alternativet er eigne rutiner, ansattressursar og lokaler/basar som skulen sjølv rår over, kan ein innkjøpsprosess verte ein barriere.

Det kan vere ei mogelegheit å etablere eit pilotprosjekt for å teste ut kjøp av Inn på tunet-tenester. Ein pilot kan vare i inntil to år, før det vert krav om konkurranseutsetjing.

Tingvoll vidaregåande skole og Oppfølgingstenesta sine erfaringar med bruk av Inn på tunet som er skildra i rapporten, er døme på enkle anskaffelsar. Vårt inntrykk er at dette ikkje er uvanleg praksis ved kjøp av Inn på tunet-tenester.

Geografisk plassering og avstand

Geografisk plassering og avstand mellom skulen og tilbydar kan vere ei i utfordring, kjem det fram i rapporten frå Oxford Research. Elevar har rett på skuleskyss og mogelegheiter for transport kan difor vere ei utfordring. Om ungdomen er i stand til å nytte kollektiv transport, om der er kollektiv transport til tilbydaren og om tilbydar har tilbringarteneste vil vere moment her.

Koordinering og oppfølging av eleven frå skulen kan også vere ei utfordring med geografisk avstand. Det er skulen sitt ansvar å følgje opp eleven.

Fagleg kvalitet i tilbodet

Fagleg innhald i tilbodet må definerast, knytt til kompetansemål og læreplan. Eit Inn på tunet-tilbod kan dekke fleire av læringsmåla. Prosessen med avklaring og definering av læringsmål og -aktivitetar krev god kommunikasjon mellom tilbydar og skule. Dette er skildra i den nasjonale rettleiaren kalla «Inn på tunet-gården som læringsarena for barn og unge». Det er viktig med godt samarbeid mellom aktørane rundt ungdomen, som skule, tilbydar, pårørande og andre, for å kunne skreddarsy aktiviteten til ungdomen sitt behov.

Det er viktig for kjøpar med dokumentasjon for å synleggjere oppfylling av læringsmål og kompetansekrav.

Kriterie ved val av Inn på tunet-leverandør

Geografisk plassering og avstand mellom skulen og tilbydar, samt pedagogisk kompetanse og fagkompetanse hos Inn på tunet-tilbydarane vil vere viktige kriterie ved val av Inn på tunet-leverandører. 

Tilbydar sin personlege eignaheit for å jobbe med barn og unge er også eit viktig element. Eleven si eiga interesse for å delta på eit Inn på tunet-tilbod, samt tilpassing til eleven sine behov, er i fylgje kartlegginga til Oxford Research eit vesentleg kriterie for å bruke alternative opplæringsarenaer. Tilbodet bør vere del av ein heilskapleg plan, utarbeidd av skulen, eleven, dei føresette og andre instansar.

Kostnad og kvalitet ved bruk av Inn på tunet-tenester

Oxford Reserach peikar på at det er lite systematisk kunnskap om brukareffektane ved Inn på tunet som alternativ opplæringsarena, både i vidaregåande skule og grunnskulen. Det er behov for dokumentasjon og oppsummering av kunnskap for å gje skuleeigar og skulane eit grunnlag for å vurdere Inn på tunet som aktuelt tilbod.

I kartlegginga til Oxford Research kjem det fram at alternativt tilbod til elevane ofte er skulen sine eigne ansatte med ulik fagleg bakgrunn, og eigne lokale eller basar som skulen sjølv rår over. Praksisplassar og utplassering i lokale bedrifter kan også vere alternative tilbod, og då utan ekstra kostnad for skulen.

Godkjende lærebedrifter

Inn på tunet-tilbydarar kan vere godkjende lærebedrifter. Dette er truleg ikkje godt kjent, verken hos tilbydarar eller i den vidaregåande opplæringa. Det vert ytt tilskot til lærebedrifter på kr 167 000 per kontrakt. I tillegg kjem eventuelle ekstra midlar til støtte for lærlingen/lærekandidaten.

Tidleg innsats

Tidleg innsats er svært viktig, både knytt til alder og grad av utfordringar. Når det gjeld alder, fortel informantar om ungdom som har utfordringar før dei kjem i vidaregåande opplæring, og som knapt har fullført ungdomsskulen. Desse har behov for oppfølging allereie i grunnskulen. Også overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring kan vere utfordrande. I forhold til grad av utfordringar, er det behov for tidleg innsats, førebygging og oppfølging for å hindre fråfall. Der kan til dømes Inn på tunet vere eit pusterom og ein arena for å oppleve meistring – som kan motivere til vidare skulegang. Fullført grunnskule og vidaregåande skule har stor tyding både for enkeltpersonar og samfunn, for å hindre utanforskap i arbeidslivet.

 

Publisert 10.01.2023

Dokument

Fakta om piloten

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har jobba med eit av fire pilotprosjekt, tildelt av Landbruksdirektoratet i eit nasjonalt Inn på tunet løft. Vår pilot var retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finn du her

Prosjektet hadde fylgjande kriterie for måloppnåing:

  • Det er kartlagt hvilke utfordringer innkjøper møter ved førstegangsinnkjøp av IPT-tjenester, herunder innkjøpskompetanse og forankring hos rådmenn og kommunesjefer.
  • Det er kartlagt hvilke kriterier som blir vektlagt ved valg av IPT leverandører.
  • Det er gjort en vurdering av kostnadene og kvaliteten ved bruk av IPT-tjenester sammenlignet med tilsvarende tilbud.